Her er nokre bøker eg har lese i det siste.
Dag Solstad er ein forfattar eg set høgt. Men skodespelet Kamerat Stalin, eller familien Nordby (1975) var som venta ikkje mykje å skryte av. 70-talls-Solstad er så bunde av partiprogramma til AKP (m-l) at det er vanskeleg å sjå på bøkene som noko anna enn propagandalitteratur. Karakterane vert sjablongprega og fungerer meir som talerøyr for sine respektive politiske parti (NKP) og (DNA) enn som levande personar. Det er rett og slett mykje meir interessant å lese om den subjektive opplevinga av å høyre til eit kommunistisk parti, som i Arild Asnes 1970, Gymnaslærer Pedersen og Roman 1987, enn å få etterkrigstida forklart utifrå eit partiautorisert marxist-lenininistisk historiesyn.
First Blood (1972) av David Morell er ein roman som freistar å seie noko klokt både om universelle tema som generasjonskløfta og korleis vald påverkar den menneskelege psyken og den meir tidstypiske problemstillinga rundt måten vietnamveteranane vart tekne imot av det amerikanske samfunnet på. Men framfor alt er boka ein actionroman med eit ganske standard katt-og-mus-plot med mykje skyting og løping rundt i skogen. Synsvinkelen vekslar mellom to personar - vietnamveteranen og supersoldaten Rambo og politisjefen Teasle. Av dei to hovudpersonane er det politisjefen som vert skildra med mest kjøtt på beina og mest psykologisk djupleik. Det største problemet med boka er at actionsjangeren ikkje egnar seg særleg godt i romanform. Det er rett og slett ikkje særleg spanande å lese om folk som spring rundt i skogen og skyt på kvarandre. Det er noko som egnar seg mykje betre på film. Med andre ord: filmen er betre.
Ben Bova har skrive mykje interessant hard science fiction der utforsking av solsystemet vårt utgjer ramma. Teknologien er gjennomgåande realistisk skildra, og den politiske utviklinga på Jorda som er utgongspunktet for mange av plotta i bøkene hans, verkar ikkje usannsynleg. I tillegg skriv han spanande og fartsfylt. Bovas veikskap er personteikningane. Karakterane hans er som oftast ganske så todimensjonale, og kan som regel verte delte inn i gode og onde (om han ikkje kjem med ei stor avsløring midt i boka, slik at det viser seg at den gode eigentleg er ond). Saturn (2002) skil seg litt ut frå dei andre bøkene i Grand Tour-serien i og med at boka eigentleg er meir soft enn hard SF. Den teknologiske ramma har han rappa frå Arthur C. Clarkes Rama-bøker - eit sylinderforma habitat med kunstig gravitasjon på veg frå Jorda til Saturn. Habitatet er eit samfunn i miniatyr beståande av 10 000 sjelar, og det meste av handlinga dreier seg om det politiske spelet som finn stad i dette samfunnet. Av og til verkar det som Bova har freista å skrive ein allegorisk fabel om maktspel og ideologisk demagogi slik det fortona seg i Sovjetunionen og Tyskland i mellomkrigstida, men personane manglar truverde, og historia manglar nerve. Resultatet blir ein langdryg, kjedeleg roman. Det er rett nok nokre spanande parti mot slutten av boka, men det er too little, too late. Til og med dei uunngåelege ekstraterrestrielle organismane vi blir presentert for - eg seier ikkje kor - verkar lite realistiske (og er lite relevante for handlinga). Nei, les heller Jupiter, Mercury eller Mars i staden.
Kommentarer
Legg inn en kommentar