Her er nokre bøker eg har lese i det siste. Dag Solstad er ein forfattar eg set høgt. Men skodespelet Kamerat Stalin, eller familien Nordby (1975) var som venta ikkje mykje å skryte av. 70-talls-Solstad er så bunde av partiprogramma til AKP (m-l) at det er vanskeleg å sjå på bøkene som noko anna enn propagandalitteratur. Karakterane vert sjablongprega og fungerer meir som talerøyr for sine respektive politiske parti (NKP) og (DNA) enn som levande personar. Det er rett og slett mykje meir interessant å lese om den subjektive opplevinga av å høyre til eit kommunistisk parti, som i Arild Asnes 1970 , Gymnaslærer Pedersen og Roman 1987 , enn å få etterkrigstida forklart utifrå eit partiautorisert marxist-lenininistisk historiesyn. First Blood (1972) av David Morell er ein roman som freistar å seie noko klokt både om universelle tema som generasjonskløfta og korleis vald påverkar den menneskelege psyken og den meir tidstypiske problemstillinga rundt måten viet...
Katekismus for det oplyste Borgerskab