Den europeiske natta vert opplyst av sporadiske gnistregn forårsaka av uventa friksjon og lommer av surstoff i eit kvelande klima av stagnasjon og oppgitte draumar. Lysfragmenta avdekkjer detaljar i eit uoversikteleg temporalt landskap som snor seg som ein isbre gjennom historia. Før drøymde Europa stort og vått, og tok grådig for seg av det verda hadde å by på - jomfruelege kontinent, så vel som viljuge orientalske enker. No ligg ho vaken og tenkjer, kan hende avbrote av ein og annan masturbasjonsfantasi. Steve Ditko har sidan 1967 hatt ein parallell karriere ved sidan av sitt virke som kommersiell serieteiknar. Her har han greia ut i det vide og det breie om filosofiske, politiske og moralske tema, stort sett med utgangspunkt i Ayn Rands filosofi. Avenging World frå 1975 er eit essay i teikneserieform på 30 sidar der Ditko hamrar inn alle kjepphestane sine på ein språkleg klar og visuelt potent måte. Han åtvarar mot kollektivisme, sosialisme, religion, velferdsstaten, moralsk forfall, kompromiss og anna elende. Men Ditko er på ingen måte nokon dommedagsprofet. Han er fyrst og fremst ein misjonær: for prinsipiell individualisme, for militant rasjonalisme og for laissez faire-kapitalisme og nattvektarstat. Mennesket er eit rasjonelt vesen som ved hjelp av sansane og fornuften kan sannkjenne den objektivt eksisterande verda og på grunnlag av dette skaffe seg sikker kunnskap både av vitskapeleg og moralsk art. Alle som kjenner til Ditkos meir kommersielle serieproduksjon, veit at han har ein idiosynkratisk teiknestil og eit godt auge for grafisk design, men han er også ein særs effektiv visuell polemikar som nyttar samspelet mellom bilete og tekst med slåande resultat. Ein kan vere samd eller usamd i bodskapen hans (dei fleste er nok usamde), men sidene er ofseleg flotte å sjå på. Sjølv i den mørkeste natta kan ein vise moralske musklar og materialisere ideale fordringar på framande kontinent. Men det er ikkje alltid det er klokt, og dei kan ende opp som vegen til helvete, men impulsen kan knapt temmast. Og historia staggar ikkje straumar som renn frå hjartet til sjølve sivilisasjonen.
Würmstuggus klarsyntredaksjon har atter funnet frem krystallkulen for å se hva det kommende året har å by på. 1. Donald Trump må gå av som president etter å ha blitt dømt i retten. J.D. Vance tar over, og de fleste synes han gjør en god jobb som den frie verdens leder. 2. Ukraina gjenerobrer alt tapt land fra Russland. 3. Antallet trygdede går ned i Norge. 4. Norske milliardærer som har emigrert til Sveits, begynner å få samvittighetskvaler, og mange av dem velger å remigrere til Norge for å hjelpe til med å finansiere staten. 5. Norge slår England i finalen i verdensmesterskapet i fotball. 6. Sex går av moten. 7. Høyrepopulismen går kraftig tilbake i Europa. 8. Palestinerne innser at Israel er deres venner, og at de jødiske bosetterne på Vestbredden bare er der for å helpe dem. 9. Sportsjournalistene blir endelig anerkjent som en viktig yrkesgruppe. 10. Det råder full harmoni i Würmstuggu-redaksjonen. 11. VG og Dagbladet oppdager at de som er in...

Kommentarer
Legg inn en kommentar