Ein stad mellom angeren og uskulden ligg aggresjonen, denne dynamiske kjensla som peiker framover, men samstundes ikkje kan la sovande hunder liggje. Aggresjon verkar som eit drivhjul i historia, ikkje berre i den røyndomen dei fleste opplever som reelt eksisterande, men også i fiksjonen og i dei språkleg-konseptuelle kompleksa me kallar idéar. Idéane driv både historia og fiksjonen fram mot det ein vonleg kan kalle eit høgare medvit. I teikneserieromanen Ring of Roses skildrar Das Petrou og John Watkiss eit kontrafaktisk England der reformasjonen aldri fekk politiske konsekvensar, og der Den katolske kyrkja held fram med å ha ein stor grad av politisk kontroll. Denne situasjonen har ført til at den teknologiske utviklinga har stagnert, slik at det 90-talet forteljinga utspeler seg i, liknar meir på 1930-talet, og eit reaksjonært regime må hanskast med folkemassar som ikkje har høge tankar om biskopen av Rom. Det handlar altså om eit hus i strid med seg sjølv. Me fylgjer ein advokat so...
Katekismus for det oplyste Borgerskab