Ein stad mellom angeren og uskulden ligg aggresjonen, denne dynamiske kjensla som peiker framover, men samstundes ikkje kan la sovande hunder liggje. Aggresjon verkar som eit drivhjul i historia, ikkje berre i den røyndomen dei fleste opplever som reelt eksisterande, men også i fiksjonen og i dei språkleg-konseptuelle kompleksa me kallar idéar. Idéane driv både historia og fiksjonen fram mot det ein vonleg kan kalle eit høgare medvit. I teikneserieromanen Ring of Roses skildrar Das Petrou og John Watkiss eit kontrafaktisk England der reformasjonen aldri fekk politiske konsekvensar, og der Den katolske kyrkja held fram med å ha ein stor grad av politisk kontroll. Denne situasjonen har ført til at den teknologiske utviklinga har stagnert, slik at det 90-talet forteljinga utspeler seg i, liknar meir på 1930-talet, og eit reaksjonært regime må hanskast med folkemassar som ikkje har høge tankar om biskopen av Rom. Det handlar altså om eit hus i strid med seg sjølv. Me fylgjer ein advokat som rullar opp eit stort komplott sett i verk av erkekonservative prelatar som ikkje er redde for å gå over lik, ja lik i verkeleg store mengder, for å halde folket nede. Det moralske universet handlinga utspeler seg i er prega av grånyansar, snarare enn svart/kvitt, som vanleg er i thrillarar av dette slaget. Dette er ikkje historia om den onde Romarkyrkja som strir i mot framskrittet og humaniteten; det handlar like mykje om spenninga mellom reaksjonære og framstegsvenlege krefter innanfor kyrkja, men utan at desse vert til dei karikaturane vi kjenner frå populærlitteraturen. Denne tematiske ramma står i kontrast til Watkiss' kontrastfylde, chiaroscuro-prega teikningar, som på elegant vis får fram akkurat det som krevst av historia, for så å la alt det andre stå igjen i det ytste mørkret. Sjølv om det er ei spenning mellom det litterære og det visuelle, rommar sistnemnte óg mykje av den tematikken historia krinsar rundt - kampen mellom gamle og nye idéar, politisk og sosial aggresjon, fortida som kjelde til, og motgift mot, progresjon (Watkiss er samstundes klassisist á la Alex Raymond og modernist) og balansegangen mellom orden og kaos, elitar og massar, liberalitet og autoritet. Intrigen er intelligent bygd opp, og karakterane er truverdige, særleg dei to hovudpersonane. Det er klart at ein fiktiv konstruksjon aldri vil kunne seie noko essensielt om årsakene til dei prosessane som skapar idéane som samtida kviler på, til det har me filosofien og teologien, men det er heller ikkje poenget. Fiksjonen set dei eksisterande oppfatningane i relieff, kastar eit framandvore ljos på dei og vekkjer undringa over korleis me har kome dit me er i dag, og kor ferda går vidare.
Søndag 24. mars begynte et mareritt for den prisbelønte amerikanske serieskaperen Ed Piskor, kjent for tegneserier som «Hip Hop Family Tree», «Wizzywig» «Red Room» og «X-Men: Grand Design», og ikke minst den svært populære Youtube-kanalen «Cartoonist Kayfabe». En kvinne ved navn Molly Dwyer postet en «historie» på Instagram der hun fremla et nøye kuratert utvalg chatmeldinger fra 2020 som kunne gi inntrykk av at Piskor forsøkte å flørte med henne. På dette tidspunktet var Dwyer 17, snart 18 år, og Piskor var 37. De kontekstløse chatmeldingene ble ledsaget av grove anklager om «grooming» og uanstendig omgang med en mindreårig. Noen tok et skjermbilde av Instagram-posten og spredde den på sosiale medier. Dermed var helvete igang for Ed Piskor. Internettmobben begynte å samle seg for å ta ned nok et offer. I løpet av timer ble det en allment akseptert sannhet at Piskor var en pedofil overgrepsmann, eller i beste fall en «creepy old man» som prøvde å komme ned i buksene på unge piker. H
Kommentarer
Legg inn en kommentar