Dr. Zhivago av Boris Pasternak
Ein av dei beste romanane nokonsinne. Krig, revolusjon, kjærleik, metafysiske spekulasjonar og eit innvikla, men utruleg snedig plot. Og boka er mykje betre enn filmen. Manuskriptet måtte smuglast ut av Russland, og boka vart gjeve ut i den frie verda i 1957. I Russland kom ho ikkje ut før i 1988.
Kontakt med verdensrommet av Arkadij og Boris Strugatskij.
Framifrå sovjetisk science fiction. Boka inneheld to noveller samt romanen "Piknik ved veikanten", som danna grunnlaget for Andrei Tarkovskijs glimrande film "Stalker".
Ny jord 1-3 av Mikhail Sjolokhov.
Sjolokhov var ein av den framste representantane for den sosialistiske realismen. Boka handlar om kosakkbønder i det sørlege Russland under kollektiviseringa. Sjolokhov var lojal kommunist, men skildringa av livet til bøndene i denne vanskelege og dramatiske perioden verkar truverdig.
Fatale egg av Mikhail Bulgakov.
Ein morosam science fiction-fabel frå 1925 der eit vitskapeleg forsøk går forferdeleg gale, og overdimensjonerte reptilar og strutsar går berserk i Moskva. Boka førde til at Bulgakov fekk mykje uønska merksemt frå GPU, men Stalin hadde av ein eller annan grunn sansen for denne forfattaren, og sjølv om han hadde store problem med å få noko publisert i dei kommande åra, unngjekk han arrestasjon.
En dag i Ivan Denisovitsjs liv av Aleksansdr Solsjenitsyn.
Ei grim skildring av livet i ein sovjetisk konsentrasjonsleir. Boka byggjer for ein stor del på Solsjenitsyns eigne erfaringar som leirfange i Kazakhstan. Boka vart først utgive i 1962, under den såkalla tøversperioden då Khrusjtsjov tillét bøker som retta merksemda mot represjonen under Stalin.

Kommentarer
Legg inn en kommentar