Eg likar å lese skodespel. Lite tekst gjer at dei er fort gjort å kome seg gjennom, og ein slepper å måtte li seg gjennom den plumpe humoren og dei lange pausene som ofte pregar teaterframsyningar. OK, dei trykte orda rører kan hende ikkje kjenslene så sterkt som ei god sceneoppsetjing kan, men replikkane er naknare og meir opne for refleksjon når dei vart lesne enn når dei vert fortolka av eit teaterensemble. Eg har lese ein del Jon Fosse i det siste. Nokon kjem til å komme har eg allereie skrive om . Draum om hausten er eit knakande godt stykke om kjærleik og død. Det har ein litt uortodoks oppbygnad, der ulike scener glir over i kvarandre trass i stor avstand i tid. Historia har eit godt driv, og med dei kunstferdige replikkane gjev Fosse hovudpersonane sine eit ferniss av levd liv og psykologisk dybde, sjølv om dei eigenleg er ganske banale elskarar i ei banal verd. Og aldri skal vi skiljast er eit ganske keisamt stykke om lengsel og e...