Noko gamalt, noko nytt, noko lånt, noko raudt. Hva må gjøres?: Brennende spørsmål i vår bevegelse av Vladimir Iljitsj Lenin (norsk utg. Ny dag, 1970. Oppr. utg. 1902) Hva må gjøres? er ein av nøkkeltekstane for dei som vil forstå det 20. århundret. Boka vart utgiven i 1902 og spelte ei rolle for den sosialistiske verdsrørsla som kan samanliknast med rolla Adolf Hitler s Mein Kampf spelte for nasjonalsosialismen. Boka er Lenin s oppgjer med dei kjetterske tendensane innanfor den russiske marxistrørsla. Boka startar med litt drittslenging til dei i Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet som ikkje har forstått Marx rett, i fyrste rekkje "økonomistane", tilhengjarane av Eduard Bernsteins teoriar. Desse så for seg at at arbeidarklassen gradvis ville oppnå klassemedvit og sidan gradvis vinne den politiske makta gjennom fagorganisasjonsarbeid og økonomiske reformar, noko som på sikt ville resultere i eit sosialistisk samfunn. "Økonomist...
Katekismus for det oplyste Borgerskab