Gå til hovedinnhold

Doch schau ihm nicht beim Ficken ins Gesicht

Noko gamalt, noko nytt, noko lånt, noko raudt.

Hva må gjøres?: Brennende spørsmål i vår bevegelse 
av Vladimir Iljitsj Lenin 
(norsk utg. Ny dag, 1970. Oppr. utg. 1902)



Hva må gjøres? er ein av nøkkeltekstane for dei som vil forstå det 20. århundret. Boka vart utgiven i 1902 og spelte ei rolle for den sosialistiske verdsrørsla som kan samanliknast med rolla Adolf Hitlers Mein Kampf spelte for nasjonalsosialismen. 

Boka er Lenins oppgjer med dei kjetterske tendensane innanfor den russiske marxistrørsla. Boka startar med litt drittslenging til dei i Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet som ikkje har forstått Marx rett, i fyrste rekkje "økonomistane", tilhengjarane av Eduard Bernsteins teoriar. Desse så for seg at at arbeidarklassen gradvis ville oppnå klassemedvit og sidan gradvis vinne den politiske makta gjennom fagorganisasjonsarbeid og økonomiske reformar, noko som på sikt ville resultere i eit sosialistisk samfunn. "Økonomistane" ville ha eit breitt masseparti med demokratisk organisasjonsform. 

Dette ville aldri føre nokon veg, meinte Lenin. Han ser heller for seg eit lite, men disiplinert parti av yrkesrevolusjonære med ein organisasjonsform han kallar demokratisk sentralisme. I teorien innebèr dette at dei politiske avgjerslene skal treffast gjennom intern debatt og demokratiske avstemmingar i partiet, men at når partiet har gjort eit vedtak, skal dette fylgjast av alle partimedlemma utan vidare rom for debatt, og uavhengig av kva kvart einskild medlem måtte meine personleg. Felles front og intern jerndisiplin var naudsynt for at ein skulle klare å få i stand ein revolusjon. Som kjent mista den demokratiske sentralismen fort det demokratiske elementet og vart i praksis rein sentralisme.

Lenin skriv godt. Polemikken hans er giftig og språket er fengande. Om ein har noko kjennskap til skriftene til Marx, legg ein fort merke til at Lenins prosa er mykje smoothare og to the point enn Marx' lange til dels ugjennomtrengelege setningar. Omsetjinga til Ivar Digernes er det ingenting å seie på.

Partimodellen som vert teikna opp i Hva må gjøres? viste seg å vere effektiv og ha stor sprengkraft. Her har vi å gjere med årsaka til splittinga av det russiske sosialdemokratiet i ein bolsjevikisk og ein mensjevikisk fraksjon i 1903, og den demokratiske sentralismen vart styreformen i Russland etter Oktoberrevolusjonen og alle dei sosialistiske eittpartistatane som oppstod rundt om i verda i etterkrigstida.


Grimjack: Killer Instinct 
av John Ostrander og Tim Truman 
(IDW, 2005, samla utg. 2007)


På 1980-talet var forlaget First Comics eit av dei fremste amerikanske teikneserieforlaga i divisjonen under Marvel og DC. Dei ga ut ei rekkje av dei mest kritikerroste teikneseriane fra tiåret, som Howard Chaykins American Flagg, Mike Baron og Steve RudeNexus og Mike Grells Jon Sable, Freelance. First fokuserte på dei tradisjonelle sjangrane innan den kommersielle teikneserietradisjonen - science fiction, superhelter, action, men tillét samstundes ein stor grad av kunstnerisk fridom, noko som ga serieskaparane ein moglegheit til å lage personlege og idiosynkratiske seriar som likevel stod med begge beina solid planta i mainstreamen.

Grimjack starta som ein tilleggsserie i heftet Starslayer i 1983, og vart utgitt som eige hefte frå 1984 til 1991, då First gjekk konkurs. Serien vart skriven av John Ostrander og teikna av Tim Truman i byrjinga, før andre teiknarar tok over. Eg skal ikkje skryte på meg nokon ekspertise på Grimjack - eg har berre lese einskilde av dei tidlege nummera - men eg har likt det eg har lese, og da eg kom over miniserien "Killer Instinct" fra 2005 på Comixology til ein samla pris av kroner 42, kunne eg ikkje finne nokon grunn til å late vere å slå til. 

Killer Instinct er ein prequel som fortel bakgrunnshistoria til Grimjack og set opp premisset for den originale serien. Eg skal ikkje gå for detaljert inn på sjølve historia her, anna enn å nemne at ho handlar om korleis Grimjack endar opp som privatetterforsker og "gun for hire". 

Vel så viktig som karakterane er settinga. Cynosure er ein by som eksisterer i krosspunktet mellom ein mengd ulike dimensjonar. Her lever menneske side om side med vampyrar, menneskelege øgler, og alle slags skapningar ein kan tenkje seg. Magi spelar ein like viktig rolle som fururistisk teknologi, og dei fysiske lovane kan endre seg frå ei gate til den neste. Me har med andre ord å gjere med ei setting som gjer endelause moglegheiter for historiar av alle slag med element frå alle slags sjangrar. 

Killer Instinct er bygd opp som ei hardkokt kriminalforteljing, med korrupte politikarar, farlige kvinner og svikefulle vener og ein helt med ei brokete fortid og eit dysfunksjonelt kjensleliv. Plottet er særs godt konstruert, og handlinga er perfekt porsjonert ut over dei seks episodane. Personteikningane er truverdige, og gjennom den indre monologen til hovudpersonen vert det pensla fram eit nyansert bilete av ein på ingen måte perfekt, men til sjuande og sist rettskaffen antihelt med både sterke og svake sider.

Som teiknar høyrer Tim Truman til Joe Kubert-skulen (i både tydingar. Han er uteksaminert ved The Joe Kubert School), med ein noko "rå" strek og flittig bruk av skraveringar. Sjølv om han med åra har lagt seg til ein meir illustrativ stil, er det framleis fyrst og fremst historieforteljing han driv med. Den visuelle narrasjonen er tindrande klår, og ein ting som slår lesaren, er kor lett det er å fylgje med.

Alt i alt ein framifrå inngangsport til Grimjacks spanande univers. Check it out!





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bokomtale: Ugress & omstendigheter

  En kveld tidlig i oktober satte jeg meg ned og leste Michaels Konupeks diktsamling Ugress & omstendigheter . Efter å ha lest den to ganger, slo to tanker ned i mitt hode: 1) Om kort tid vil jeg trolig ha glemt hele boken, og 2) for de aller fleste vil boken forbli fullstendig ukjent, kun en anonym bokutgivelse i en smal genre som ble utgitt uten brask og bram en gang i 2024, med mindre noe helt spesielt skulle skje, som for eksempel at Konupek skulle bli en folkekjær realitykjendis eller mottager av Nobels litteraturpris. Derfor satte jeg meg ned og skrev denne teksten, som her siteres i sin helhet:  «Den tsjekkisk-norske forfatteren Michael Konupek er for meg et nytt navn, men ifølge omslagsteksten på den ferske diktsamlingen Ugress   & omstendigheter har han utgitt flere skjønnlitterære verk, deriblant romanen Böhmerland 600 cc . Boken har et monokromt omslag i en farve jeg vil kalle «mørk militærgrønn» og inneholder informasjon om tittel, forfatter, genre og...

Troller Würmstuggu nyhetsbildet igjen?

  Det siste døgnet har vi mottatt en del henvendelser fra våre lesere angående denne artikkelen i VG. Er denne «Selma Moren, debattjournalist og kommentator» bare en oppdiktet Würmstuggu-figur? er det noen som spør. Er det bare redaksjonen som er ute og troller nyhetsbildet igjen?  Dette har vi avkreftet tidligere, men likevel er det ikke helt usant. Det er ikke vi som har skapt figuren, det er det noen i VGs satireredaksjon som har gjort, men akkurat denne artikkelen er det vi som har ført i pennen. Vi har nemlig inngått en avtale med VG om å levere «Selma»-stoff i tiden fremover. Men vi er ikke de eneste, for «Selma» er et gruppeprosjekt med flere bidragsytere, både fra VG-redaksjonen og eksterne. Vi synes det er en morsom utfordring å se nyhetsbildet gjennom øynene til en tenåringspike som kanskje er litt trangsynt og ikke så veldig smart, men som kompanserer med et stort hjerte og tro på seg selv. Det er flere «kommentarer» som allerede er skrevet og som bare venter på å...

Når #metoo dreper

  Søndag 24. mars begynte et mareritt for den prisbelønte amerikanske serieskaperen Ed Piskor, kjent for tegneserier som «Hip Hop Family Tree», «Wizzywig» «Red Room» og «X-Men: Grand Design», og ikke minst den svært populære Youtube-kanalen «Cartoonist Kayfabe». En kvinne ved navn Molly Dwyer postet en «historie» på Instagram der hun fremla et nøye kuratert utvalg chatmeldinger fra 2020 som kunne gi inntrykk av at Piskor forsøkte å flørte med henne. På dette tidspunktet var Dwyer 17, snart 18 år, og Piskor var 37. De kontekstløse chatmeldingene ble ledsaget av grove anklager om «grooming» og uanstendig omgang med en mindreårig. Noen tok et skjermbilde av Instagram-posten og spredde den på sosiale medier. Dermed var helvete igang for Ed Piskor. Internettmobben begynte å samle seg for å ta ned nok et offer.  I løpet av timer ble det en allment akseptert sannhet at Piskor var en pedofil overgrepsmann, eller i beste fall en «creepy old man» som prøvde å komme ned i buksene på unge...