Medan desse orda vert skrivne, er det framleis usikkert kven som vert valt til amerikansk president dei neste fire åra. For dei som har følgt med på nyhenda dei siste månadene er dette kanskje litt rart, for i pressa har det heile tida vore ganske klart at Joe Biden kjem til å vinne dette valet med god margin. Ja, skal ein ta dei norske nyhendeformidlarane på alvar, er det ingen tvik om at Donald Trump er ein av Amerikas mest hata menn. Likevel viser opptellibga av røyster så langt at det er om lag så jamt som det kan få blitt.
Gjennom dei siste fire åra har det vore skrive og sagt mykje om at den sittande presidenten er ein representant for ein av dei antidemokratiske ideologiane som oppstod i Europa i mellomkrigstida, fascismen. Då er det ikkje så reint lite merkeleg at han har late gjennomføre eit fritt val der folk av begge (ellar kanskje me heller skal seie alle) kjønn, frå alle samfunnslag kan velje mellom fleire kandidatar, ikkje berre til presidentembetet, men også til representative institusjonar på føderalt og lokalt nivå. Alle kandidatane har stått fritt til å gjennomføre kampanjar utan statleg sensur og trugsmål frå styresmaktene. Ganske utypisk for ein fascistisk regjering, ikkje sant? Det var ikkje sånn Mussolini, Franco og Hitler gjorde det.
Den sitjande presidenten har fått nesten like mykje merksemd for hudfarga si som forgjengaren sin, og mykje har vore skrive om kor viktig dette med hudfarge og rase er for hans personlege og politiske syn på litt av kvart. Det er jo ein kjent sak at Trump har eit godt forhold til Ku Klux Klan og synest at det er mange «very fine people» blant nynazistane, i alle fall om vi skal tru media og ekspertane. Likevel verkar det som Trump har gjort det betre i år enn i 2016 blant veljarar som ikkje tilhøyrer den amerikanske rasekategorien «kvit». Merkeleg, det òg.
Eg trur det vert bråk same kven som vert utropt til valvinnar. Men eg vonar verkeleg at amerikanarane slepp opptøyar, vald, eldpåsetjing og hærverk denne gongen.
Difor bør ein kanskje håpe på siger til Biden?
Kommentarer
Legg inn en kommentar