Eit lagerrom. Langs veggane er det høge reoler fulle av verktøy, skrot, pappesker, flasker, tapetrullar, bøker, våpen og anna.
Maron sit på ein stol om lag midt på scena. Han held ein vaskekost.
Vaxos. (Kjem dansande frå venstre. Ber ei stor fyrstikkeske.)
Eg veit kor ljoset kjem frå. Sjukna stjerner
har bydd meg opp til dans i mange år.
Og eg har dansa, eg har gått til kanten
av røynsla. Eg har sett kor ljoset står.
(tenner stearinljoset)
Eit uhandgripeleg mørker veks i verda,
ein kolsvart vegg som stenger det som er
frå det som burde vere. Livlaust mørker.
Men eg har kjent på ljoset. Det er her.
(Peikar på hovudet. Fell.)
Maron. (Vaskar golvet.)
Eg ser for meg ein ustemt eksistens,
der ingen er aleine. Kvar og ein
er nakne notar i eit partitur,
og samhandlar som tannhjul i eit ur.
Sånn vil eg leve livet.
Vaxos. (Reiser seg opp og set seg på stolen.)
Fri og rein
kan aldri tankens rørsle bli i verda.
For røyndomsglansen skin som frå ein spegel,
og ingen veit kor verda kjem frå. Her?
(Peikar på hovudet.)
Maron (Ristar oppgitt på hovudet.)
Eg skjøner kor du vil, men kva for verd
er det du snakkar om, min kjære Vaxos?
Kva om det finst ei mengd av dei, og alle
har opphav i kvart einskilt menneske?
Alt som modnast, vil til slutt forfalle,
hug og medvit like visst som kjøtet.
Eg kjenner også ljoset.
(Scena blir mørklagt.)
Vaxos
(Etter ei stund:)
Kor er du, Maron? Er det nokon her? Så svar då!
(Bankelydar.)
Illustrasjon: William-Adolphe Bourguereau
Kommentarer
Legg inn en kommentar