Vaxos.
Denne verda er ikkje god.
Maron.
Denne verda er ikkje god.
Vaxos.
Ho har aldri vore god.
Maron.
Aldri har ho vore god.
Vaxos.
Me kan tenkje oss ei betre verd. Ei verd utan sorg, sakn, naud, hat. Ei verd me vil ha. Ei verd me kan leve i. I lengda kan me ikkje leve i denne verda.
Maron.
Nei, denne verda kan me ikkje leve i.
Vaxos.
Me kan tenkje oss ei verd utan ufridom, stengsel, fattigdom.
Maron.
Kven seier at den verda ikkje finst? Ho finst i tankane til menneska.
Vaxos.
Ei verd der du er du, og eg er eg. Der menneska ser kvarandre i auga og seier: "Eg ser deg."
Maron.
Men verda er ikkje god. Vit at verda ikkje er slik ho burde vere. Vit at verda ikkje er god.
Vaxos.
Om morgonen stig sola opp over fjella og kastar ljoset sitt over landet. Kaldt ljos. Ja, kaldt ljos.
Maron.
Kaldt ljos frå ei fjern stjerne.
Vaxos og Maron saman.
Kaldt ljos.
Vaxos.
Og me ser det me elles berre hugsar. Me ser det me hugsar, og det er det same. Me hugsar verda, sjølv om det er mørkt.
Maron.
Sjølv om me ikkje ser verda, hugsar me ho.
Vaxos.
Me veit ho er der. Ho er eit indre bilete me ber med oss sjølv om me ikkje kan sjå.
Maron.
Me veit ho er der.
Vaxos.
Men me har også biletet av den andre verda med oss. Når me fortel kvarandre om verda har me biletet av den andre verda med oss. Ja, stundom kan me setje ord på ho så me kan sjå for oss.
Maron.
Me kan høyre ho i orda. Me kan sjå ho i mørkret.
Vaxos.
Når du let att auga, vert ikkje verda borte?
Maron.
Verda vert borte. Ho forsvinn.
Vaxos.
Kven seier at den verda er meir verkelig enn den andre verda?
Maron.
Er den eine verda meir verkeleg enn den andre?
Vaxos.
Kan me leve i verda utan å tenkje, å drøyme?
Maron.
Kva er verda utan tankar og draumar? Kva er verda?
Vaxos.
Er verda meir enn tankane våre om ho?
Maron.
Kor kjem tankane om verda frå?
Fortsetjing fylgjer.
Vakkert
SvarSlett