Ein Vaxos . Denne verda er ikkje god. Maron . Denne verda er ikkje god. Vaxos . Ho har aldri vore god. Maron . Aldri har ho vore god. Vaxos . Me kan tenkje oss ei betre verd. Ei verd utan sorg, sakn, naud, hat. Ei verd me vil ha. Ei verd me kan leve i. I lengda kan me ikkje leve i denne verda. Maron . Nei, denne verda kan me ikkje leve i. Vaxos . Me kan tenkje oss ei verd utan ufridom, stengsel, fattigdom. Maron . Kven seier at den verda ikkje finst? Ho finst i tankane til menneska. Vaxos . Ei verd der du er du, og eg er eg. Der menneska ser kvarandre i auga og seier: "Eg ser deg." Maron . Men verda er ikkje god. Vit at verda ikkje er slik ho burde vere. Vit at verda ikkje er god. Vaxos . Om morgonen stig sola opp over fjella og kastar ljoset sitt over landet. Kaldt ljos. Ja, kaldt ljos. Maron . Kaldt ljos frå ei fjern stjerne. Vaxos og Maron saman. Kaldt ljos. Vaxos ....
Katekismus for det oplyste Borgerskab