Gå til hovedinnhold

Vedkjenningar frå eit medmenneske


Nokre gonger får eg dårleg samvit. Fordi eg har eit fint hus, ein god jobb, bra løn, eit godt liv.  Fordi eg kan kjøpe det eg vil ha og reise til Syden i feriene. Fordi eg er mann, blendakvit, heterofil og bur i Noreg. Eg får dårleg samvit fordi eg veit at verda er full av folk som ikkje har dei same moglegheitene som meg, som lever i fattigdom og som er viljuge til å gjere kva som helst for å kome seg vekk frå fattigdom og krig. Og stadig fleire av desse finn etter kvart vegen hit til Noreg.

Eg kan sjølvsagt gje til velgjerd eller melde meg til friviljug arbeid, men fornuften fortel meg at dette berre blir ei dråpe i havet, at det aldri vil monne i den store samanhengen, og nokre oppgåver er Staten betre skikka til å utføre enn organisasjonar som diverre ofte er fastlåste i patriarkalske, religiøse og homofobiske tankemønster frå middelalderen.

Samstundes ser me at med den blåblå regeringa har nyliberalisme og rasistiske haldningar fått vind i segla. Styresmaktene vil gjere det vanskelegare for asylsøkjarar å kome inn i landet, berre fordi dei er mørke i huda, og når politikarane vil innføre tiggarforbod, vil dei jo i praksis nekte romfolket å utøve kulturen sin her i landet.

Eg skal vedgå at eg ikkje synest det er særleg triveleg å treffe på tiggande romfolk når eg går i byen. Men samstundes er det noko kartarsisk ved ubehaget ein kjenner når ein ser folk i ein så desperat situasjon. Det gjer noko med mentalhygienen når ein sjølv kjenner seg som ein fange i eit gullbur. Romfolket blir på ein måte lekamleggjeringa av urettvisa i verda, ein augeåpnar som vekkjer oss frå den kapitalistiske draumen – for draumar er tross alt den viktigaste kapitalen kapitalismen har å tilby. Ofte tek eg meg sjølv i å gråte ein skvett over mi eiga medkjensle for disse stakkars menneska. Og eg takkar dei for at dei vekkjer meg som medmenneske.

Som sagt, eg har dårleg samvit. Men no har eg byrja gjere noko med det. Eg har byrja å skrive lesarinlegg til avisene om ein gong eg ga pengar til ein tiggar. Eg fortel om takksemda i auga hennar, om forsikringa om at eg ville bli nemnd i bønene hennar, om kjensla av å stå solidarisk med dei svake og undertrykte. For dei fleste av oss er ikkje det å gje pengar til ein tiggar noko stort offer økonomisk sett, men eg er viss på at det vil gjere oss til betre menneske. Det er jo sjølvsagt heilt i tråd med det menneskefiendtlege synet til dei borgarlege partia å ville forby synleg fattigdom, men truleg vil eit forbod mot romtiggarar føre til auka fattigdom i hjarta til innbyggjarane i «verdas beste land».

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bokomtale: Ugress & omstendigheter

  En kveld tidlig i oktober satte jeg meg ned og leste Michaels Konupeks diktsamling Ugress & omstendigheter . Efter å ha lest den to ganger, slo to tanker ned i mitt hode: 1) Om kort tid vil jeg trolig ha glemt hele boken, og 2) for de aller fleste vil boken forbli fullstendig ukjent, kun en anonym bokutgivelse i en smal genre som ble utgitt uten brask og bram en gang i 2024, med mindre noe helt spesielt skulle skje, som for eksempel at Konupek skulle bli en folkekjær realitykjendis eller mottager av Nobels litteraturpris. Derfor satte jeg meg ned og skrev denne teksten, som her siteres i sin helhet:  «Den tsjekkisk-norske forfatteren Michael Konupek er for meg et nytt navn, men ifølge omslagsteksten på den ferske diktsamlingen Ugress   & omstendigheter har han utgitt flere skjønnlitterære verk, deriblant romanen Böhmerland 600 cc . Boken har et monokromt omslag i en farve jeg vil kalle «mørk militærgrønn» og inneholder informasjon om tittel, forfatter, genre og...

Troller Würmstuggu nyhetsbildet igjen?

  Det siste døgnet har vi mottatt en del henvendelser fra våre lesere angående denne artikkelen i VG. Er denne «Selma Moren, debattjournalist og kommentator» bare en oppdiktet Würmstuggu-figur? er det noen som spør. Er det bare redaksjonen som er ute og troller nyhetsbildet igjen?  Dette har vi avkreftet tidligere, men likevel er det ikke helt usant. Det er ikke vi som har skapt figuren, det er det noen i VGs satireredaksjon som har gjort, men akkurat denne artikkelen er det vi som har ført i pennen. Vi har nemlig inngått en avtale med VG om å levere «Selma»-stoff i tiden fremover. Men vi er ikke de eneste, for «Selma» er et gruppeprosjekt med flere bidragsytere, både fra VG-redaksjonen og eksterne. Vi synes det er en morsom utfordring å se nyhetsbildet gjennom øynene til en tenåringspike som kanskje er litt trangsynt og ikke så veldig smart, men som kompanserer med et stort hjerte og tro på seg selv. Det er flere «kommentarer» som allerede er skrevet og som bare venter på å...

Når #metoo dreper

  Søndag 24. mars begynte et mareritt for den prisbelønte amerikanske serieskaperen Ed Piskor, kjent for tegneserier som «Hip Hop Family Tree», «Wizzywig» «Red Room» og «X-Men: Grand Design», og ikke minst den svært populære Youtube-kanalen «Cartoonist Kayfabe». En kvinne ved navn Molly Dwyer postet en «historie» på Instagram der hun fremla et nøye kuratert utvalg chatmeldinger fra 2020 som kunne gi inntrykk av at Piskor forsøkte å flørte med henne. På dette tidspunktet var Dwyer 17, snart 18 år, og Piskor var 37. De kontekstløse chatmeldingene ble ledsaget av grove anklager om «grooming» og uanstendig omgang med en mindreårig. Noen tok et skjermbilde av Instagram-posten og spredde den på sosiale medier. Dermed var helvete igang for Ed Piskor. Internettmobben begynte å samle seg for å ta ned nok et offer.  I løpet av timer ble det en allment akseptert sannhet at Piskor var en pedofil overgrepsmann, eller i beste fall en «creepy old man» som prøvde å komme ned i buksene på unge...