Den fyrste sola over låvetaket, og fuglekvitter frå den gamle eika, og snorking frå ein halvdau ektemake, Eg vaknar, og den fyrste bratte kneika på vegen gjennom dagen ventar meg. Eg står opp, tek på tøflane og går og set på kaffi. Går og steller hår og vaskar kroppen, ser at det er eg som framleis helsar meg frå spegelglaset. Så tuslar eg til kjøkkenet og drikk ein kaffi som set fyr på kropp og sinn. Eg har ei stille stund før kvardagsmaset. Men tida flyr, og eg må vere kvikk! Eg ventar ein familiekvervelvind. Illustrasjon: Philipp Bauknecht
Würmstuggu
Katekismus for det oplyste Borgerskab