Gå til hovedinnhold

Brotstykke av deg

 


Eg hugsar berre brotstykke av deg, 

men det eg hugsar, skin som middagssol.

Det kjem mest når eg ser ein annan veg.

som lyden av eit skot frå ein pistol


og augneblinken etter, folk som skrik.

Då vaknar eg, og brått kan eg erindre

bak lag av utgått tid ein liten flik

av kven du var for meg. Og i mitt indre


er du brått levande eit raskt sekund

før du forsvinn som om du leiker gøymsel

med meg. Så står eg der ei lita stund

og merker sinnet fyllest opp med gløymsel.


Kommentarer